Du er her: Hovedside » Nyheter » Nyhetsarkiv » Nyheter 2006 » Peer klar for USA
  • Tips en venn!
 

Peer klar for USA

25.09.2006
Den grønnkledde (Mari Maurstad) i New York. Klikk for høyere oppløsning
Peer Gynt gjer seg klar for USA. Amerika-kofferten er pakka, og øvingane til dei tre konsertane i Central Park, New York 5., 6. og 7. oktober har gått inn i sluttfasen. Konsertane i USA er ein del av Peer Gynt as si markering av Ibsen-året 2006. Eit av måla med turen er å formidle til verda at Peer Gynt er norsk av fødsel, og at han har sine røter i Gudbrandsdalen.
Den dramatiserte, multimedia konsertversjonen som skal setjast opp i New York er basert på den originale Peer Gynt ved Gålåvatnet, som i dag er ein av Noregs mest etterspurde teaterproduksjonar. Film og bilete frå framsyninga på Gålå og norsk natur blir vist på storskjerm som ein integrert del av konserten. I tillegg vil delar av produksjonen Peer Gynt - verdensborger av gemytt, som i vinter gjesta fleire av dei største hamnebyane i Europa, vere med når amerikanarane får møte Peer Gynt.

The Delacorte Theater har plass til 1881 publikummarar, og det er første gong at Henrik Ibsen blir vist på utandørsscena i Central Park. Svein Sturla Hungnes har regien og skal sjølv spele Peer Gynt. Med seg på scena har han Mari Maurstad, Kari Simonsen, Svein Grønli, Linda Øvrebø, Rune Reksten, Karoline Krüger og Camilla Granlien, samt stort kor. The American Symphony Orchestra skal sørgje for Edvard Griegs musikk til amerikanarane. Om lag 180 personar frå Noreg deltek i og omkring produksjonen.

Peer Gynt-konsertane er høgdepunktet i det som blir ei norsk veke i New York. Det startar med Norway Run allereie til helga, og held fram med workshop for reiselivet, kunstutstilling, litteraturforedrag og profilering av norsk mat - og ikkje minst seminar i FN-bygningen. Seminaret "Are each country - themselves enough?" blir arrangert i samarbeid med den norske ambassaden i USA, med innleiingar frå dei tidlegare Peer Gynt-vinnarane Jan Egeland, Terje Rød Larsen, Mona Juul og Jostein Gaarder. Dette skjer samstundes med FNs generalsamling, og Kofi Annan er invitert til å delta.